Siger i årets første treningskamp for Hødd

Herd svarte både ein og to gongar, men Joachim Osvold sitt hat-trick gjorde at Hødd tok med seg sigeren heim til Ulsteinvik.

Sander Håskjold Nyland var godt nøgd med gjennomføringa av årets første treningskamp.  Foto: Erik K. Heimdal

Sport

På ein bitande kald januarkveld var det duka for årets første treningskamp for Hødd. Den gjekk føre seg på bortebane, nærare bestemt på Moa og mot Herd. Hødd hadde med seg to prøvespelarar som fekk høve til å vise seg fram, medan benken bestod av berre fire spelarar, ettersom Daniel Eid, Isak Skotheim og Bendik Rise ikkje vart speleklare.