Glimt frå opent KM i Ulsteinhallen

Stor bileteserie frå friidrettshelga i Ulsteinhallen
Sport

Fredag fekk vi oppleve ein fantastisk friidrettskveld i Ulsteinhallen under "Karsten Warholm International". Laurdag og søndag heldt Dimna IL fram med å levere flott friidrett, men no med hovudfokus på den store breidda heller enn dei største stjernene.

I løpet av helga har om lag 300 deltakarar hoppa hægt, sprunge fort og kasta langt, med utøvarar heilt frå 3 år og opp til senioralder.