Hødd i 100:

Opna hundreårsmarkeringa med historisk festkveld

Laurdag kveld fekk ein fullsett kultursal på Sjøborg ta del i Hødd sine hundre år i løpet av nokre tettpakka og Høddblå timar.
Sport

Tidlegare storspelarar, klubblegender, pionerar, gjøglarar, dagens utøvarar og leiarar, Mr. Hødd og «kongen av Høddvoll». Alle bidrog til å sørge for ei perfekt opning av Hødd sitt 100-årsjubileum.

Kick-off, avspark eller avkast. Uansett kva ein vil kalle det så sørga Hødd-historikar Arne Flatin, med hjelp frå mellom anna Åge Grimstad i Fantastiske Osberget, samt ei rekkje intervjuobjekt frå ulike generasjonar til å gje ei nokolunde kompakt samanfatting av dei 100 åra som er gått sidan Hødd såg dagens lys 1. august 1919. Sidan då har idrettslaget vore gjennom ei utruleg utvikling, både gjennom dei ulike idrettane ein har tatt til seg, på utstyrsfronten og ikkje minst på anleggssida.