To kampar for Hødd i helga:

Sikra seg eitt poeng - men burde tatt fire

Uavgjort mot Volda 3 heime, og målrikt tap mot Træff 2 i Rekneshallen.
Sport

Fredag kom Volda sitt tredjelag på besøk til Ulstein Arena. I det som skulle bli eit tett og jamt oppgjer mellom naboklubbane, enda det til slutt på stillinga 28-28 - og poengdeling. Etter første omgang hadde låg Hødd seks mål framfor Volda, men gjestane tetta  Marte Åsmo var Hødd sin storscorar i denne kampen, med heile 10 mål.

Laurdag reiste Hødd til Rekneshallen for å møte Træff 2. Der var Hødd best i delar av kampen, i det som blei eit særs målrikt oppgjer. Måltavla måtte nok nesten ha gått seg litt varm, for det stod til slutt heile 38-35 å lese der. Diverre for Hødd var det heimelaget som trekte det lengste strået, og felles for utfallet av begge kampane var ifølgje fleire til stades at dei begge burde ført til to poeng for dei blåkvite. Lindi Charlotte Eriksen Galschiødt sette 9 fulltreffarar i mål i dette oppgjeret.