Saunes har signert

Eirik Franke Saunes har signert kontrakt for to år med Hødd. Arkivfoto 

Sport

Hødd melder at Eirik F. Saunes har signert ein to-års avtale med Hødd.

- Eg er først og fremst veldig stolt over å få vere med Hødd når dei feira 100-års jubileumet. Det å få gå ut med Hødd på brystet og vite at du kjem her i frå og har spelt hundrevis av kampa opp gjennom åra saman med mange av kompisane som er på laget, det betyr litt ekstra. Laget i år trur eg blir veldig bra og vi kjenne kvarandre svært godt med tanke på relasjonane vi har på bana. Ei fin gruppe å vere ein del av. Eg har eit klart mål om å prege midtbana til Hødd i fleire år framover, kommenterer Saunes på nettsida til Hødd.