Ønskte å forlenge kontrakten - fekk nei frå styret:

- Eg er umåteleg stolt over å ha fått trene Hødd

Sindre Eid er ikkje lenger Hødd-trenar, sjølv om han eigentleg hadde lyst til å halde fram i jobben.

Sindre Eid vedgår at det var ei tung avgjersle å gi seg som trenar, men vil heller smile og sjå på det positive framover. No skal han konsentrere seg om marknadssjefstillinga i klubben. Han vil også få litt andre oppgåver framover, både når det kjem til utvikling og det sportslege.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Sport

Torsdag blei det klart at Sindre Eid gir seg som hovudtrenar for Hødd sitt herrelag. Eid har vore hovudtrenar for Hødd frå og med 2017-sesongen, men hadde også same jobben i 2014- og 2015-sesongen. Han har også hatt ei lang og innhaldsrik karriere som spelar i klubben.