Sindre Eid gir seg som Hødd-trenar

Det skriv klubben i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

Sindre Eid.  Foto: Arkiv.

Sport

Frå før har det vore klart at dagleg leiar Oddmund Otterlei og sportssjef André Nevstad gir seg i Hødd. Hovudtrenar Sindre Eid har vore femti prosent sjukmeld sidan i byrjinga av desember, og det var etter årsskiftet venta ei avklaring på situasjonen hans innan relativt kort tid.

No har altså Eid bestemt seg.

Sindre Eid vil ikkje lenger vere hovudtrenaren til Hødd, men blir verande i jobben som marknadssjef i Hødd Fotball. Ifølgje dagleg leiar Otterlei vil Eid også få andre viktige oppgåver innan sport og utvikling.

Eid har vore klubben sin hovudtrenar sidan 2017, men var også hovudtrenar i 2014 og 2015, då klubben tapte kvalifisering om opprykk til Eliteserien etter straffesparkkonkurranse. Sindre var også assistenttrenar då Hødd var cupfinalen i 2012.

- Hødd Fotball er særs takksame for jobben Sindre har gjort som hovudtrenar for A-laget. Han har lagt ned ein stor innsats og laget har hatt ei flott utvikling. I 2018 var vi eitt mål i siste kamp frå kvalifiseringsspel til opprykk og vi tapte straffesparkkonkurransen i Bodø i kamp om kvartfinaleplassen i NM. Vi har fått fram mange unge og lovande lokale spelarar dei siste åra og desse vil ha viktige roller i åra som kjem. Sindre har vore ein viktig faktor til dette. Vi er svært glade for at Sindre blir med vidare og speler ei viktig rolle i klubben, seier dagleg leiar Otterlei.

Styret aksepterer avgjersla

Styreleiar Ivar Morten Normark er også glad for at Sindre blir i klubben vidare:

- Styret aksepterer Sindre si avgjersle og er glade for at han med sin kompetanse og erfaring held fram i viktige roller i Hødd også i framtida.

Sander Håskjold Nyland, Jesper Törnqvist og Frode Gjerde vil leie laget i trening og kamp framover.

Dagleg leiar Oddmund Otterlei fortel at det no blir opp til styret og sportsleg utval å finne fram til ei permanent løysing kring trenarsituasjonen, men at det er desse tre som vil ha det mellombelse ansvaret fram til det er klart.

- Det kan også bli desse tre som blir den permanente løysinga, for alt eg veit. Men igjen, dette er opp til styret og sportsleg utval å gjere ei avgjersle kring, seier Otterlei til Vikebladet Vestposten.

- Trist nyheit

Joakim Wrele, som var kaptein for Hødd i treningskampen mot Herd nyleg, og som har på seg kapteinsbindet no medan Steffen Moltu ikkje har gjort ei endeleg avgjersle kring sin situasjon, fortel at det var ei tung stund for spelarane då hovudtrenaren fortalde dei kva han hadde bestemt seg for.

- Det var ein veldig trist beskejd å få. Sindre er svært godt likt av alle i laget, og vi hadde alle stor tru på at han skulle kome tilbake for fullt. Ein kan vel eigentleg seie at dette kom litt som eit sjokk på oss. Men når det er sagt, så er vi uansett veldig glade for at Sindre blir med vidare i Hødd, seier Joakim Wrele.