Hødd tapte for Spjelkavik

Sport

Hødd spelte fredag kveld treningskamp mot Spjelkavik. Kampen vart spelt på Color Line Stadion i Ålesund.

Spjelkavik leia heile vegen. Først med eit mål, så med to mål, før Joachim Osvold skåra for Hødd.

Stillinga var ved pause var 2-1.

Etter pause fekk Spjelkavik seg eit nytt mål, før Hødd reduserte til 3-2, som vart resultatet i kveld.

Hødd sitt andre mål vart skåra på straffespark av Robin Hjelmeseth.

Hødd stilte med følgjande lag:

Ole Monrad Alme, Daniel Eid, Jens Husebø, Arnar Gudmundsson, Preben Sætre, Peter Hasund, Joachim Wrele, Eirik Saunes, Bam Hide, Joachim Osvold og Robin Hjelmeseth.

Innbyttarar:

William Fjørtoft (for Sætre), Håkon Brautaset (for Hide), Pijus Marcinkevicius og Bendik Engen (for Eid og Hasund)