Signerte toårskontrakt:

Husebø er klar for Hødd

Den 19 år gamle midtstopparen kjem frå Viking FK.
Sport

Fredag ettermiddag melde Hødd om at Jens Berland Husebø blir Hødd-spelar dei to neste sesongane. Den 19 år gamle midtstopparen kjem frå Viking FK, der han har vakse opp og spelt sidan han var 9 år.

Husebø var mellom anna med og spelte treningskampen mot Herd, og trena elles med klubben i førre veke.

- Jens er ein spanande midtstoppar som passar godt inn i gruppa med sine sterke haldningar og ambisjonar. Han er god med ball, har ein god pasningsfot og flink til å kommunisere med dei rundt seg. I tillegg er han aggresiv i stilen og har eit potensiale som vi ser fram til å utvikle dei komande åra, seier sportssjef i Hødd, André Nevstad. 

Jens Berland Husebø ser fram til å flytte til Ulsteinvik og har fått eit veldig godt inntrykk av klubben.

- Eg er imponert over det som har møtt meg, og forstod tidleg at dette var ein klubb eg ønskte å kome til. Her er det mange gode unge, svoltne spelarar som vil legge ned mykje hardt arbeid for å utvikle seg, og det er akkurat slik eg vil ha det. Ein kjekk gjeng som tok i mot meg på ein veldig god måte - der eg følte meg inkludert frå første dag. Eg ser veldig fram til å få på meg Hødd-drakta og skal gi alt for at Hødd skal få ein god sesong i 2019, seier Husebø.