Stor gåve frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre:

– Denne gåva er avgjerande

Sparebank 1 Søre Sunnmøre gir 1,25 millionar kroner til skifte av kunstgrasdekke på Høddvoll. Dermed går det mot dekkeskifte til sommaren.

Nytt dekke: Måndag morgon var det kvitt på kunstgraset på Høddvoll, men til sommaren blir det nytt dekke på banen med om lag 2000 brukstimar i året. Frå venstre: John Kåre Våge, Stig Brautaset, Per Arve Moldskred, Lillian Kleven Brevik, Oddmund Davik Otterlei, André Gardshol, Veronica Kvalen Pilskog, Tom Vågen og Sander Håskjold Nyland.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

I september 2018 viste anleggssjef Per Arve Moldskred fram ei svært nedsliten kunstgrasbane på Høddvoll. Då var det ein frustrert anleggssjef som frykta at ein i verste fall måtte stenge heile eller delar av banen.


 

Ulsteinvik stod for tur

Måndag morgon var frustrasjonen snudd til glede på Høddvollhuset, då Moldskred og resten av Hødd fekk solid draghjelp frå Sparebank 1. Banken gir 1,25 millionar kroner til nytt banedekke på den gamle kunstgrasbanen og dermed går det mot skifte av dekke til sommaren.