Karsten til Nordenkampen

Søndag stiller Karsten Warholm i nordisk meisterskap og innandørslandskamp i friidrett.

Til Bærum: Søndag deltek Karsten Warholm under Nordenkampen, nordisk innandørslandskamp og nordisk meisterskap i friidrett. Det skjer i Bærum idrettspark, der han tok NM-gull på 400 meter for eit år sidan.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Karsten Warholm starta sesongen med ein smell heime i Ulsteinhallen under «Karsten Warholm International». Der blei det norsk innandørsrekord på 400 meter og han var såleis eit naturleg førsteval til å stille på distansen under nordisk meisterskap og innandørslandskamp. Den blir arrangert i Bærum idrettspark komande søndag.

Derfrå har Warholm gode opplevingar frå tidlegare. I fjor vart det eit suverent NM-gull på same bane og han sette også norsk innandørsrekord. Skal han gjere det også i år må Warholm under 45,56.

På denne distansen skal også Mauritz Kåshagen representere Norge. Han vann nyleg innandørs-NM i Haugesund med tida 48,97. Der stilte ikkje Karsten Warholm.

Warholm er den einaste Dimna-utøvaren som har fått plass i den norske troppen til meisterskapen, men Ålesundsjenta Sigrid Kleive er tatt ut i høgde. Ho tok nyleg sølv under NM då ho tangerte sin personlege rekord, som ho sette i Ulsteinhallen under ope KM.