Tre avdelingar i 6.-div.

Flø IL stiller lag i 6.-divisjon denne sesongen og har kome i ei rein Søre-avdeling.
Sport

Etter opprykket til Hasundgot er Flø IL faktisk det einaste laget frå Ulstein og Hareid i 6.-divisjon denne sesongen. Verken Hødd 3 eller Hareid 2 er med i år.

Denne veka vart avdelingsoppsettet for 6.-divisjon på Sunnmøre presentert og Sunnmøre Fotballkrets har delt dei 26 laga på tre avdelingar.

Flø er plasserte i avdeling 2, ei av to med ni lag og der alle er frå søre Sunnmøre.

Avdeling 2: Bergsøy 2, Flø, Gjerdsvika/LGFK2, Sæbø, Tjørvåg, Vanylven, Vartdal, Ørsta 2 og Åmdal.