Kan bli månadens utøvar

Karsten Warholm kunne juble for norsk og nordisk innandørsrekord i Ulsteinhallen. Løpet hans førte også til at Warholm er nominert til månadens mannlege utøvar i Europa.  

Sport

Karsten Warholm slo til med både norsk og nordisk innandørsrekord på 400 meter under "Karsten Warholm International". 45,56 er også beste tid i verda så langt i år.

No er Warholm nominert til månadens mannlege europeiske utøvar av det europeiske friidrettsforbundet. På deira facebooksider kan ein røyste på dei fem nominerte utøvarane, i ei kåring som varar fram til fredag.


Karsten til Nordenkampen

Søndag stiller Karsten Warholm i nordisk meisterskap og innandørslandskamp i friidrett.