Frå KM-gull til Norgescup

Adrian Flote gjekk til topps på 10 km fristil under KM i Valldal. Til helga deltek han under Norgescup junior i Akershus.   Foto: Arkiv/Hovdebygda IL Langrenn

Sport

I helga som var deltok Adrian Flote, Hovdebygda IL, under KM fristil i Valldal. Flote gjekk ti kilometer i G18-klassa og der gjekk ulsteinvikaren til topps framom Håkon Bakke Kjerstad frå Emblem. Flote var også nest-raskast av alle juniorløparane som deltok (17-20 år)

Løpet er også ein del av SBM Cup, men det første for sesongen der Flote registrerte resultat.

Til helga reiser Flote til Akershus for å delta i Norgescup junior. Der står han på startlista både i fristil, klassisk og på sprint.