Møter 4.-divisjonslag i ny turnering

Hasundgot skal mellom anna møte Volda i gruppespelet i Obos Cup.

Hasundgot har fått plass i avdeling 4 i nyvinninga Obos Cup. Der møter dei Volda, Åmdal og Giske.  

Sport

Sunnmøre Fotballkrets har torsdag lagt fram gruppeoppsettet til den nystarta turneringa Obos Cup, eller Sunnmørsmeisterskap i fotball.

Der er det klart at Hasundgot har hamna i avdeling 4, der dei skal møte Volda (4.-divisjon), Åmdal (6.-divisjon) og Giske (6.-divisjon). Hasundgot er dermed det nest-høgst plasserte laget i seriesystemet i denne gruppa.

I herreklassen ser gruppene slik ut:

Avdeling 1:

Bergsøy

Larsnes/Gursken

Guard

Vanylven

Spjelkavik 1

Avdeling 2:

Emblem

Stranda

Fjørtoft

HaNo

Spjelkavik 2

Avdeling 3:

Rollon

Langevåg

Harøy

Lepsøy

Avdeling 4:

Volda

Hasundgot

Åmdal

Giske


Det er lagt opp til to grupper for kvinner senior, men her er det ingen lag frå ytre Søre som er meldt på. I G16-klassen blir det derimot møte mellom Hasundgot og Hødd, som er i avdeling 1 saman med Emblem, Stranda og Ørsta 2. Hødd stiller også lag i J16-klassen, der dei er i avdeling med Blindheim, Guard og Aksla.

Ifølgje Sunnmøre fotballkrets kan laga forvente å få sine første kampar i slutten av februar. Totalt er det 50 lag som har meldt seg på til året Obos Cup.