Sansara er Hødd-aktuell

Den tidlegare FFK-kapteinen Netan Nico Sansara kan vere på veg til Hødd.

Netan Nico Sansara, her i duell med Jonas Ingebrigtsen under den første seriekampen på nye Høddvoll, er aktuell for Hødd. Denne veka besøkte den tidlegare FFK-kapteinen Høddvoll.   Foto: Arkiv: Per Werkland.

Sport

Denne veka var 29-åringen på besøk på Høddvoll og var med på treninga i Ulsmohallen onsdag. Forsvarsspelaren har den siste sesongen spelt i svenske Gefle IF, som rykte ned frå Superettan i 2018.

Engelskmannen starta karrieren i Walsall, men har etter kvart vore innom ei rekkje klubbar. Mellom anna spelte Sansara i Fredrikstad frå 2014 til 2016, før turen gjekk til Canada og FC Edmonton.