To Hødd-spelarar viste seg fram på talentsamling

Daniel Notanes Brandal (bak til høgre) og Syver Skundberg Skeide (to frå høgre i framste rekkje) har begge vore på Equinor Talentleir i Sarpsborg. Her saman med resten av gutane frå Møre og Romsdal.  

Sport

Den siste veka har Syver Skundberg Skeide og Daniel Notanes Brandal vore med på Equinor Talentleir i Sarpsborg.

Talentleiren er siste steget før eit eventuelt landslagsuttak.

– Målet med samlinga er først og fremst å gje spelarane inspirasjon og referansar som gjer at dei forhåpentlegvis jobbar endå betre i kvardagen. Det er tøff konkurranse om plassane, så spelarane skal vere stolte over å bli tatt ut her, seier fagansvarleg for Landslagsskulen, Håkon Grøttland.

Dei to Hødd-spelarane seier dette om Talentleiren:

– Så langt så har Equinor Talentleir vore veldig lærerikt og gøy med nye kompisar. Det er veldig stort å bli tatt ut på slike samlingar fordi du veit at du møter dei beste i landet på din alder. Eg vil ta med meg tempo og aggressiviteten i alt vi gjer, seier Daniel Notanes Brandal.

– Det har vore veldig kjekt, gøy og utruleg lærerikt, veldig glad for å bli tatt ut. Eg tar med meg masse læring og motivasjon til å fortsette å trene og gjere det bra i heimklubben og i treningskvardagen, legg Skundberg Skeide til.

Daniel Notanes Brandal var tatt ut i den såkalla ”skuggelandslagstroppen” på G16, medan Skundberg Skeide var i ein av dei to G15-troppane til samlinga.