Karsten gjekk til topps

3200 stemte fram Karsten Warholm som den beste mannlege friidrettsutøvaren i Europa i januar.
Sport

Superløpet til Karsten Warholm under "Karsten Warholm International", der han både sette norsk og nordisk innandørsrekord på 400 meter, sørga for at Warholm var ein av fem nominerte til prisen månadens mannlege utøvar. Det er det europeiske friidrettsforbundet som står bak kåringa.

Den siste tida har publikum hatt sjansen til å stemme fram sin favoritt og fredag kunne European Athletics presentere vinnaren. Det vart Karsten Warholm med solid margin. Warholm fekk 3200 stemmer.

Søndag spring Warholm på det norske laget under Nordenkampen i Bærum idrettspark. Då skal han igjen prøve å forbetre den norske innandørsrekorden.