Slo ikkje sin eigen rekord, men

Karsten vann suverent i Nordenkampen

Vann i Bærum: Det vart, ikkje uventa, Karsten Warholm som vart raskast på 400 meter for menn under Nordenkampen, nordisk innandørslandskamp og nordisk meisterskap i friidrett i Bærum idrettspark. Han greidde likevel ikkje å slå sin eigen rekord frå Ulsteinhalmen for to veker sidan.  Foto: Arkiv / Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Det var liten tvil om kven som kom til å stikke av med sigeren då startskotet gjekk for 400 meter menn under Nordenkampen i Bærum Idrettspark søndag ettermiddag.

Karsten Warholm gjekk knallhardt ut frå start og gjekk opp i leiinga så og seie momentant, tydelegvis på jakt etter ny norsk rekord. Det er berre to veker sidan han leverte eit sterkt 400-meterløp under Karsten Warholm International i Ulsteinhallen og sette norsk innandørs rekord, på tida 45,56.

Trass i upåklageleg innsats heldt det likevel ikkje. Karsten kom inn på tida 45,67, 11 hundredelar bak sin eigen rekord frå Ulsteinvik.