– Eg meiner vi får for dårleg med informasjon

Joakim Wrele håpar alle kort blir lagt på bordet under medlemsmøtet i Hødd onsdag.

Joakim Wrele håpar at både spelarane og medlemmene elles får eit godt innblikk i situasjonen i Hødd under medlemsmøtet onsdag.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Onsdag kveld er det medlemsmøte i IL Hødd Fotball. Etter lengre tid med uro skal medlemmene i Hødd få eit innblikk i kva som har skjedd i klubben.

Til møtet kjem truleg også ein del av A-lagsspelarane i Hødd. Joakim Wrele fortel at også spelarane har eit informasjonsbehov.