Haugan fekk kontrakt med klubb i Allsvenskan

Ian Burchnall hentar den tidlegare Hødd-spelaren til Østersunds FK.

Eirik Haugan er klar for Østersunds FK.  

Sport

Eirik Haugan leverte to gode sesongar i Hødd, men no er 21-åringen klar for nye utfordringar. Haugan hadde ikkje kontrakt med Hødd etter 2018-sesongen og etter ei tids prøvespel hjå Østersunds FK er det no klart at stopparen har signert kontrakt med klubben. Avtalen er for 3,5 år med Allsvenskan-klubben.

Ian Burchnall var innom Hødd ein kort periode sommaren 2018, men briten beit seg tydlegvis merke i fleire på Hødd sitt treningsfelt. Frå før har Østersunds FK også henta den fysiske trenaren Rafael Roldan Bermudez frå Hødd og no også spelaren som Hødd-spelarane stemte fram som årets unge spelar i 2018.