Sansara er klar for Hødd

Har skrive under på ein toårsavtale med klubben.

Netan Sansara har skrive under på ein toårsavtale med Hødd. Her saman med André Nevstad.   Foto: IL Hødd Fotball.

Netan Sansara er klar for Hødd. Tysdag var han med på trening saman med sine nye lagkameratar og onsdag kunne Hødd presentere sin nye stoppar.  

Sport

Den engelske midtstopparen Netan Sansara er klar for Hødd. Det skriv klubben i ei pressemelding.

29-åringen har mellom anna spelt i Walsall, Fredrikstad og svenske Gefle, men stod utan kontrakt etter 2018-sesongen. No er det klart at han kjem inn og styrkar Hødd-forsvaret.

– Netan er ein spelar som vi meiner vil passe fint inn i Hødd, både som spelar og menneske. Han er 29 år, har lang erfaring frå spel på høgare nivå og er ei leiartype som vil bidra både på og utanfor bana. I tillegg til at han skal vere spelar skal han også vere trenar i Høddskulen, og han har uttrykt ein veldig sterk motivasjon til å vere med å bygge eit nytt sterkt Hødd-lag for framtida. Netan er midtstoppar, men har også spelt venstreback og er venstrebeint, vi ønskjer han velkomen til Høddvoll, seier Hødd sin sportssjef André Nevstad i pressemeldinga.

Sjølv seier Sansara at han har høyrt mykje positivt om klubben.

– Eg har også spelt mot Hødd tidlegare på Høddvoll og det var alltid tøffe kampar når vi kom hit. Robin Shroot er også ein god venn av meg som har snakka varmt om klubben og inntrykket mitt er at dette er ein bra plass å vere. Det er også eit spanande prosjekt på gong med å bygge eit nytt slagkraftig lag og dette er noko eg ønskjer å vere ein del av. Eg er no ein av dei eldre spelarane på laget og håper derfor eg kan bruke mi erfaring til å bygge eit godt miljø og ein sterkt treningskultur i laget, seier Sansara.