Vi følgde medlemsmøtet

Styret i Hødd Fotball kalla inn medlemmane til møte - og det var varsla at alt av fakta skulle på bordet.
Sport

Grunna lengre tids uro, der fleire sentrale personar har gitt seg i klubben, i tillegg til at arbeidet med budsjettet har tatt lang tid, har styret i fotballgruppa invitert til medlemsmøte. Møtet tek til klokka 19.00 onsdag kveld, på Høddvollhuset.

I invitasjonen står det at det først blir gitt informasjon frå styret og administrasjonen i Hødd, før det blir opna for spørsmål frå salen.