Fleire Dimna-medaljar opningsdagen

Sjå korleis det har gått med Dimna-utøvarane under første dag av UM i Ulsteinhallen.
Sport

Fredag starta UM i Ulsteinhallen og det tok ikkje lange tida før dei første Dimna-medaljane var eit faktum. Anna Garnes Kleven tok sølv og Kornelia Roppen tok bronse i tresteg i J17-klassa, men kunne ikkje gjere noko med Emma Sofie Eriksen frå Sandnessjøen som vann konkurransen med 11,51.