Vidare til semifinale

Karsten Warholm tok seg kontrollert vidare frå forsøket på 400 meter.
Sport

Karsten Warholm starta fredag jakta på gull under innandørs-EM i friidrett. Warholm sprang i det fjerde og siste forsøksheatet på 400 meter.

Med klart beste tid i Europa denne sesongen var det venta at Warholm ville kunne ta seg enkelt vidare frå forsøket, der han også fekk eit godt utgangspunkt med start i bane fem.

Luka Janežič vann det første heatet med 46,88. I det andre gjekk det ikkje fullt så raskt då Oscar Husillos vann på 47,34. I heat tre fekk ein verkeleg sjå kor dramatisk det kan bli på ein 400 meter innandørs, då to av utøvarane gjekk i bakken i den tredje svingen. Spanske Lucas Bua vann heatet med 47,00.

Warholm er van med å opne hardt og ville med ein rask start kunne unngå den type dramatikk som ein fekk i heatet før. Det såg også ut til å vere taktikken til Warholm, som storma frå resten av feltet og kunne kome inn til lista utan kamp. Ut på siste runda kontrollerte Warholm fint og han heldt også leiinga heilt til mål. Tida til Warholm var 47,05 i mål, noko som er godt bak hans to tidlegare løp på 400 meter i år og som tyder på at han klarte å spare brukbart med krefter i forsøket.

- Det kjentest lett og fint ut, seier Warholm til NRK etter løpet.

- Eg veit at i kveld kjem til å krevje meir av meg, fortel Warholm.

Semifinalen går 22:00 fredag kveld. Der skal Warholm gå i andre semifinaleheat og Warholm har fått bane fem også der.