Kostbar renovering

Hareid IL oppgraderte garderobebygget i 2018 og dette vart klart dyrare enn budsjettert.

Årsmøte: Torsdag er det årsmøte i hovudlaget i Hareid IL. Frå årsmeldinga til styret i hovudlaget går det fram at renoveringa av garderobebygget på klubbhuset var mykje dyrare enn budsjettert.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Det går fram av årsmeldinga frå styret i hovudlaget, som er lagt ut før årsmøtet i Hareid IL.

Budsjettet for garderobeoppgraderingane var på 650.000, men ifølgje årsmeldinga hamna ein til slutt på 1.123.236 kroner, eller nesten 500.000 kroner meir enn budsjettert.

Årsmeldinga peikar samstundes på at overskridingane var venta.

«På årsmøtet i 2018 blei det nemnt at budsjettet ikkje ville halde, og årsmøtet gav styret løyve til å overskriding, eventuelt med lånefinansiering», skriv styret i årsmeldinga.

Totalt sett gjekk hovudlaget i Hareid IL med eit underskot på 863.751 kroner i 2018. Styret meiner likevel at økonomien i hovudlaget framleis er tilfredsstillande, sjølv om eigenkapitalen er kraftig redusert som følgje av garderoberenoveringa.

I årsmøtepapira går det også fram at ein utsette å legge nytt takdekke på garderobebygget til 2019.

Årsmøtet i Hareid IL blir arrangert torsdag 7. mars i festsalen på klubbhuset.