Tatt ut til talentsamling i Sarpsborg

Hilde Årsborg Bjåstad er tatt ut til Equinor Talentleir i Sarpsborg i slutten av mars. Her er Hareid-spelaren i aksjon under Grendacupen.  

Sport

Hareid-spelaren Hilde Årsbog Bjåstad er einaste jente frå Sunnmøre som har fått plass i J14-troppen til Equinor Talentleir i Sarpsborg.

Totalt er det 76 jenter frå 2004 og 2005-årgangen som er tatt ut til talentleiren, som blir arrangert i slutten av mars. Dit er det tatt ut ein J15-landslagstropp, ein skuggelandslagstropp, samt to J14-troppar.

– Dette er første gang jentene født i 2005 er inne på et nasjonalt tiltak, medan 2004-jentene opplever for første gang å bli plassert i ein tropp som anten heiter landslag eller skyggelandslag. Det er eit signal om at ting begynner å spisse seg til. Første offisielle landskampar for kullet er ikkje mange månadene unna, og vi begynner å forberede inn mot det, seier fagansvarleg for landslagsskolen, Håkon Grøttland til fotballforbundet sine nettsider.

Ifølgje Grøtteland vil hovudfokuset for samlinga vere forsvarsspel.

For 2005-jentene er det tatt ut to troppar med til saman 39 spelarar. Hilde Årsbog Bjåstad frå Hareid er plassert i J14 X:

Hilde Årsbog Bjåstad – Hareid

Ragnhild Skage – Bønes

Tuva Henriksen – Nanset

Kari Hoøen – Gimse

Norah Mortensen – Kolbotn

Sofie Graabak – Vestbyen

Leonie Riis – Lyn

Amalie Rasmussen – Ekholt

Helle Aune – Viking

Kamilla Melgård – Lyn

Malin Tjellaug – Stryn

Signe Gaupset – Rival

Nora Nøss – Os

Ane Wedde Buer–Lillestrøm

Ida Garstad Eriksen–Stathelle

Amalie Isabell Taraldsen–Tromsø

Karoline Krok Eikefjord–Stabæk

Hermine Kjøsnes–Stryn

Ella Bakke-Andersen–Viking

Talentleiren i Sarpsborg varer frå 21. til 24. mars.