Motkandidat Bård Dalen før årsmøtet i IL Hødd:

- Håpar det blir ein fair duell

Bård Dalen stiller som motkandidat til styreleiarvervet i IL Hødd Fotball. Her frå då han var styreleiar sist. Han gjekk av som styreleiar i 2016.  Foto: Arkiv/Andreas Steinnes Bjerknes.

Sport

Fredag blei det klart at tidlegare mangeårig styreleiar i IL Hødd Fotball, larsnesingen Bård Dalen, stiller som motkandidat til sitjande styreleiar i fotballgruppa, Ivar Morten Normark. Sjølv om valkomiteen går for å behalde Normark, trekkjer ikkje Dalen kandidaturet sitt av den grunn.