Hareid-tap i Isfjorden

Det vart eit klart tap på bortebane for Hareid-damene laurdag, sjølv om bortelaget var best i den andre omgangen.

Målfarleg: June Skeide Bergseth scora åtte av Hareid sine 24 mål borte mot Isfjorden/Åndalsnes. Cecilie Skeide scora seks for Hareid.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Sport

Hareid tapte til slutt med 13 mål, 37-24, borte mot Isfjorden/Åndalsnes laurdag. Grunnlaget for sigeren la heimelaget i den første omgangen, då dei kunne gå til pause med 21–7.

Hareid scora det første målet i kampen og heldt godt følgje fram til 4-4, men derfrå tok det nesten ti minutt før Hareid sitt femte mål og i mellomtida hadde Isfjorden/Åndalsnes scora åtte.

Dermed var kampen i hovudsak tapt for Hareid før andreomgangen, men bortelaget løfta seg kraftig etter pausen, scora 17 mål og «vann» andreomgangen 16–17. Det var likevel ikkje nok til å snu oppgjeret og Hareid har no gått fire kampar utan siger.

Tre kampar på fire dagar

Ein er no inne i innspurten på 4.-divisjonssesongen og frå laurdag til tysdag i neste veke skal Hareid spele sesongens tre siste kampar.

Først ut er heimekampen mot Sykkylven/Stranda i Hareidhallen laurdag ettermiddag, før laget har bortekamp mot Spjelkavik 2 søndag kveld. Siste seriekamp denne sesongen går heime i Hareidhallen tysdag, då Volda 3 kjem på besøk.