Kvalifisering for opprykk til 3.-divisjon

Forbundstinget vedtok å redusere talet på lag som rykkjer ned frå 3.-divisjon.

Hødd 2 rykte opp frå 4.-divisjon i 2017, men er tilbake i divisjonen denne sesongen. I år blir det vanskelegare å rykke opp, då kretsane på Sunnmøre og Nordmøre/Romsdal må dele på ein opprykksplass.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Det fører samstundes til at færre lag rykkjer opp frå 4.-divisjon og at det framover berre er 18 lag som rykkjer opp.

Dette får ein konsekvens for laga i Møre og Romsdal, der ein tidlegare har hatt opprykkslag både frå Sunnmøre og frå Nordmøre/Romsdal.

Med endringa i talet på lag som rykkjer opp vil Møre og Romsdal berre ha ein opprykksplass.

Dermed må avdelingsvinnarane frå Sunnmøre Fotballkrets og Nordmøre og Romsdal Fotballkrets gjere opp om den eine opprykksplassen i ei kvalifisering.

Endringa vart vedteke med 181 stemmer for. 28 stemte mot framlegget under Forbundstinget.