Stor interesse rundt årsmøtet i Hødd

IL Hødd ventar storinnrykk til årsmøtet i hovudlaget tysdag. Bakgrunnen er leiarkampen i IL Hødd Fotball, der Bård Dalen stiller som utfordrar til fotballformann Ivar Morten Normark.

Stille før stormen? Tysdag føremiddag var Tom Vågen i full sving med å gjere klart til årsmøtet i IL Hødd. Då var det roleg på Høddvollhuset, men til kvelden er det venta mykje folk i festsalen.  

Sport

Fredag vart det klart at Dalen stiller til val som motkandidat til den sittande fotballformannen og det er nok liten tvil om at det er dette valet som vil få størst merksemd under årsmøtet i IL Hødd tysdag kveld.