To Hødd-gutar til talentsamling

Hødd er representerte både i G15- og G14-troppen under Equinor Talentleir i Sarpsborg.

Syver Skundberg Skeide (to frå høgre i framste rekkje) har også tidlegare vore med på Equinor Talentleir. No er han og Ørn Flø tatt ut til samlinga i Sarpsborg 24. til 27. mars.   Foto: Norges Fotballforbund

Sport

Syver Skundberg Skeide er tatt ut på G15 skuggelandslag til talentsamlinga som blir arrangert i Sarpsborg frå 24. til 27. mars. G15-troppen er delt inn i G15-landslag og G15-skuggelandslag.

På G14-nivå er det tatt ut to troppar med om lag 50 spelarar til saman og ein av dei som er med i G14 X er Hødd-spelaren Ørn Flø.


 

Sjå heile troppane på fotballforbundet sine nettsider.