Nærmar seg svar på trenarspørsmålet i Hødd:

– Vi har gode kandidatar

Søndag er det fire veker til Hødd serieopnar borte mot Fredrikstad. Framleis er det ikkje klart kven som blir laget sin hovudtrenar denne sesongen.

Har jobba med ulike alternativ: Sportssjef André Nevstad har hatt oppgåva med å jobbe fram alternativ til korleis Hødd skal løyse hovudtrenarkabalen. Nevstad meiner ein no har kome fram til nokre gode alternativ og at det no er opp til styret i klubben å gjere den endelege avgjerda.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

No kan det likevel gå mot ei avklaring på trenarspørsmålet. Sportssjef André Nevstad fortel at ein har snevra inn talet på aktuelle kandidatar og at det no vil vere opp til styret i Hødd Fotball å gjere det endelege valet. Nevstad fortel at avgjerda vil vere klar innan kort tid.