Sjå kampen på Vikebladet.no:

Hødd møter AaFK på bortebane

Hødd leverte svært bra heime mot Brattvåg sist helg. Søndag skrur dei vanskegrada opp eitt hakk med bortekamp mot Obosligalaget AaFK.

Til Ålesund Søndag spelar Hødd treningskamp borte mot AaFK. I samarbeid med Sunnmørsposten vil kampen bli sendt på Vikebladet.no.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Samstundes møter Hødd eit lag som ikkje har fått det heilt til i vinter. På dei fire siste kampane har det berre blitt scoring i den siste og AaFK har ikkje vunne ein kamp sidan dei slo Florø 3–0 9. februar.