Tre kampar i helga

Både Hødd og Hareid spelar heimekampar laurdag.

Tre kampar på fire dagar Frå laurdag til tysdag spelar Hareid sine tre siste kampar denne sesongen. To av dei går heime i Hareidhallen.  Foto: Jon-Arild Vatne

Møter Valder Hødd spelar laurdag sin nest-siste kamp i 18/19-sesongen. Motstandar denne helga er Valder i Ulstein Arena.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Sport

Innspurten i 4.-divisjon handball er for alvor over oss. Hareid spelar sine tre siste seriekampar frå laurdag til tysdag, og startar med heimekamp mot Sykkylven/Stranda laurdag ettermiddag.

Litt tidlegare laurdag skal Hødd ut i kamp mot Valder i Ulstein Arena. Valder har berre vunne to av sine kampar etter nyttår, men det blei svært tett då dei møtte Hødd i Giskehallen. Hødd vann til slutt 24-23, noko som peikar på at det kan bli eit spanande oppgjer i Ulsteinvik laurdag.

Hødd sin seriesesong blir avslutta med ny heimekamp om ei veke. Då er det Sykkylven/Stranda som er motstandar.

Hareid spelar også kamp søndag, då borte mot topplaget Spjelkavik 2. Det blir ein tøff test for Hareid, borte mot eit lag som berre har tapt éin av 14 kampar denne sesongen.

Allereie tysdag kjem det ny kamp for Hareid, då tilbake i Hareidhallen. Dit kjem Volda 3 på besøk. Også Volda 3 er blant topplaga i avdelinga og ligg på ein tredjeplass før sine tre siste seriekampar.