Kvalifisering til J19-NM:

Hødd gjorde jobben mot Blindheim

Hødd vann 4-3 over Blindheim søndag og har framleis håp om spel i J19-NM denne sesongen.  

Sport

Hødd slo Blindheim på Høddvoll, men må vente på resultata frå dei to siste kvalifiseringskampane for å sjå om det blir NM-spel.

Søndag spelte Hødd sin tredje og siste kamp i kvalifiseringa til J19-NM. Blindheim var motstandar heime på Høddvoll og siger for Hødd-jentene ville sørge for at dei framleis har sjanse på ein av dei to NM-plassane.

Johanne Helvig sørga for 1–0 til heimelaget, medan Anna Nerland Aahjem sikra tomålsleiing til Hødd før pause.

Blindheim reduserte til 2–1 på eit frispark, men Hødd slo tilbake med to nye scoringar. Først kom 3–1 ved Oline Marø Sundgot, før Anna Nerland Aahjem sette inn sitt andre mål i kampen, og det med eit skot frå midtbanen.

Blindheim reduserte to gongar til, men Hødd heldt unna og vann til slutt 4–3 på Høddvoll.

Dei er dermed oppe på seks poeng, like mange som Herd. To lag skal kvalifiserast for J19-NM, men Hødd må no vente på resultata i FK Fortuna sine to siste kampar for å sjå om det blir NM-plass. Fortuna møter Blindheim onsdag og Herd måndag.