Slo tilbake, men tapte til slutt

Hasundgot kom tilbake frå 0-2 til 2-2 i treningskampen mot Aksla, men det vart til slutt 2-3 tap etter at bortelaget scora på straffe.   Foto: Iver Vattøy

Sport

Hasundgot kom tilbake frå 0-2, men klarte ikkje å bikke kampen i sin favør.

Laurdag møttest Hasundgot og Aksla til «returoppgjer» etter KM-kampen mellom laga i fjor haust, men heller ikkje denne gongen skulle Hasundgot gå sigrande ut av oppgjeret.

Aksla scora dei to første måla på Hasundgot stadion og kunne gå til pause med 0–2.

Heimelaget svara tidleg i den andre omgangen og Daniel Muren sette inn 1–2 etter 48 minutt. Håvard Vik utlikna om lag 20 minutt seinare, men sjølv om Hasundgot stod for ei bra opphenting så var det til slutt Aksla som gjekk sigrande utav kampen.

Avgjerda kom på straffespark om lag 12 minutt før slutt og det enda 2–3 på «Gottane».

Torsdag denne veka spelar Hasundgot sin siste gruppespelskamp i Obos Cup. Då går turen til Gursken og River Plate for oppgjer mot Larsnes/Gursken.