LGFK hentar spelar frå Hødd

Larsnes/Gursken FK har henta Gustav Brandal Dimmen frå Hødd. Det skriv klubben på sine facebooksider.  

Sport

Gustav Brandal Dimmen er klar for Larsnes/Gursken FK. Det skriv klubben på sine Facebooksider. Brandal Dimmen har dei siste sesongane spelt nærare 50 kampar for Hødd sitt rekruttlag. I fjor scora han fire mål for rekruttane.

I fjor haust var Dimmen ein av rekruttspelarane som skulle få trene mykje med A-laget i Hødd, men ungguten har ikkje fått sin offisielle debut i serie eller cup for Hødd.

Ifølgje Larsnes/Gursken er Brandal Dimmen speleklar for klubben 20. mars og han kan dermed vere med til Obos Cup-kampen mot Hasundgot torsdag denne veka.