Ny spelar til Hasundgot

Hasundgot har utvida stallen igjen. Også denne gongen kjem spelaren til «Gottane» frå Hødd.

Til Hasundgot: Sander Ringstad er Hasundgot sin nyaste rekrutt. Foto: Hasundgot IL 

Sport

Denne gongen er det 18-åringen Sander Ringstad som har signert for klubben.

Han føyer seg dermed inn i rekkja av spelarar som går til Hasundgot før 2019-sesongen, etter å ha spelt aldersbestemt fotball i Hødd.

Ringstad kom til Hødd frå Haddal før 2015-sesongen og har mellom anna fått med seg om lag 20 kampar i 6.-divisjon for Hødd 3, samt ei rekkje kampar på aldersbestemt nivå.

Totalt har Hasundgot no fått inn åtte nye spelarar før laget returnerer til 5.-divisjon.