Obos Cup:

Nydelege langskot og dramatiske overtidsminutt

Nicolai Vik med ballen.  Foto: Erik K. Heimdal

Sport

På ein kjølig marskveld i Gursken var det duka for OBOS Cup-gruppespelets siste kamp. Hasundgot gjesta River Plate stadion og Larsnes/Gursken, eit lag som spelar i ein divisjon over. Kampen såg køyrd ut då heimelaget gjekk opp i 2-0 rett før pause ved to fabelaktige langskot, men Hasundgot gav ikkje opp og scora to mål, der det siste var heilt på overtid.