Tøff bortekamp for Hasundgot

Møter Larsnes/Gursken i siste gruppespelkamp i Obos Cup.

Til River Plate: Per Gustavsen og Øystein Bohinen Muren tek med seg Hasundgot til Gursken og River Plate for siste kamp i innleiande runde i Obos Cup. Foto: Erik K. Heimdal. 

Sport

Hasundgot har slått Åmdal og spelt uavgjort mot Giske i sine to første Obos Cupkampar. Torsdag avsluttar dei den innleiande runden med det som truleg blir den tøffaste utfordringa, borte mot Larsnes/Gursken på River Plate.

LGFK vann overbevisande over Åmdal, og sikra seg til slutt ein femmålssiger på Legene, medan det vart tettare heime mot Giske.

Då gjekk faktisk Giske opp i 0–2 før heimelaget slo tilbake. Ei redusering før pause og to scoringar i den andre omgangen sørga for at LGFK har full pott før kampen mot Hasundgot.

Poeng for Hasundgot vil sikre andreplass i gruppa.