Håpar å rekke FFK

  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Bendik Rise fekk seg ein smell i hovud og nakke under måndagstreninga til Hødd. Det enda med ei hjerneristing for midtbanespelaren, som dermed må ta det roleg ein periode.

Sjølv seier Rise at han kjenner seg klart betre og at han håpar å vere tilbake med fotballtrening i starten av den komande veka. Rise må uansett ta det noko roleg og det blir nok lite hovudduellar den første tida. Midtbanespelaren håpar på å rekke seriepremieren mot Fredrikstad 14. april.

Generalprøven mot Florø komande laurdag går uansett utan Rise på banen.