To generalprøver på Høddvoll:

Siste test

Laurdag spelar både damene og herrane til Hødd sine siste treningskampar før seriestart.

Hødd-aktuell: Tobias Bjørnebye kan vere i troppen som møter Florø til generalprøve laurdag. André Nevstad håpar Hødd i nær framtid kan få til ein låneavtale for midtbanespelaren. 

Sport

Hødd-damene opnar sesongen med to viktige kampar, borte mot Sunndal og heime mot Nardo. Begge er kampar som Hødd helst skal ha poeng i og laurdag får ein den siste moglegheita til å spisse kampforma. Då kjem Stryn på besøk til Høddvoll, der det er duka for generalprøve for Hødd-damene.

For to veker sidan vart det 1–2 tap for divisjonskollega Træff i ein tett kamp. Denne helga bør Hødd vere favorittar mot 3.-divisjonslaget frå Stryn, men Hødd har framleis utfordringar på keeperplass. Der har det vore testa ut ei rekkje ulike løysingar den siste tida, og sist gjorde Frida Jonberg comeback. Truleg er det også ho som står mot Stryn.

Seinare på dagen er det A-laget til Hødd som gjer unna si generalprøve.

Florø er Hødd sine motstandarar og laget som rykte ned frå Obosligaen i fjor blir truleg ein fin test for Hødd. Laga møttest også i cupen i fjor og då var det Hødd som til slutt gjekk sigrande ut av duellen.

Heimelaget må klare seg utan Bendik Rise, som fekk seg ein smell i hovudet tidlegare i veka. Isak Skotheim og William Fjørtoft er begge eit lite stykke unna å vere tilgjengelege.

Ein som kan vere aktuell for å spele er Tobias Bjørnebye. RBK-spelaren har trent med Hødd heile veka, og sportssjef André Nevstad fortel at Hødd har ein positiv dialog med både Rosenborg og spelaren. Nevstad håpar at ein i løpet av nær framtid skal kome fram til ei løysing som fører til at Bjørnebye spelar 2019-sesongen i Hødd.