Hødd 100 år - går saman om føredragskveld og treningssamling:

– Kan vere til stor inspirasjon

Inviterer til føredrag med Anja Hammerseng Edin, Karsten Warholm og Leif Olav Alnes på Sjøborg.

Gler seg til føredragskveld: Tore Liadal (leiar i IL Hødd Turn), Linda Hårberg (leiar i IL Hødd Handball) og Tommy Walaunet (styremedlem i IL Hødd Fotball) ser fram til ein svært spanande føredragskveld på Sjøborg 12. april. Dit kjem Anja Hammerseng Edin, Karsten Warholm og Leif Olav Alnes. Dit håpar dei også at andre idrettslag og klubbar enn Hødd vil ta turen.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Fredag 12. april slår handballen, fotballen og trimgruppa i Hødd på stortromma og inviterer til ein svært spanande føredragskveld på Sjøborg. Dit kjem Anja Hammerseng Edin for å snakke om «Talentets indre kamp», medan verdsmeister og europameister Karsten Warholm har med seg trenar Leif Olav Alnes for å halde føredrag om «Idrettsglede og prestasjon».