– Vi må spele vårt spel

Bam Phudithip føyer seg inn i rekkja av unge ulsteinvikarar som har kjempa seg inn i A-troppen til Hødd. Er det han som får gjennombrotet i 2019?

Klar for seriestarten: Bam Phudithip fekk to seriekampar for Hødd i 2018. I vinter har han starta alle laget sine treningskampar og midtbanespelaren håpar å kunne bidra mykje for Hødd i den komande sesongen. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

I tillegg til å spele fotball i Hødd er Bam Phudithip industrimekanikarlærling ved Ulstein verft. Dermed kjem han som oftast rett frå jobb på verftet til trening på Høddvoll ettermiddagane.