Avlyst treningskamp

Sport

Torsdag kveld skulle Hareid spele treningskamp borte mot Emblem, men denne kampen er avlyst.

Ifølgje trenar Kenneth Moldskred kunne ikkje Emblem stille lag denne kvelden, og det blir dermed ingenting av oppgjeret.

4.-divisjonslaget til Hareid bur seg i staden på å sette kursen mot Tyrkia, der laget skal på ein treningsleir komande veke. Hareid serieopnar borte mot Bergsøy 26. april.