Vil ta Trimgruppa ut av IL Hødd

Lindor Skeide reagerer på det han meiner er ulovleg og udemokratisk val under årsmøtet i IL Hødd.

Engasjert: Lindor Skeide under opninga av Lisjevatnhuken. Skeide og Trimgruppa har lenge jobba med å legge til rette for friluftsliv i Ulsteinfjella. 

Sport

Trimgruppa er den minste av undergruppene i IL Hødd. Gruppa har ikkje medlemmer utover dei som er valde inn i styret, men gjer ein stor jobb for å legge til rette for mellom anna fjelltrimmen. Trimgruppa og Skeide har også vore svært involverte i arbeidet med å få på plass turvegar rundt om i Ulsteinfjella, slik at flest mogleg skal ha sjansen til å ta i bruk naturen i kommunen.