Fredrikstad - Hødd:

– Vi gler oss som berre det

Sander Håskjold Nyland får ein tøff test i sin første seriekamp som Hødd-trenar, men den unge hovudtrenaren ser fram mot utfordringa som ventar borte mot Fredrikstad.

God stemning: Søndag er det klart for seriestart for Hødd. Reidar Vikebakk, Jesper Törnqvist og Sander Håskjold Nyland var i godt humør under laget si nest-siste trening før «alvoret» tek til i Fredrikstad. Foto: Andreas Bjerknes  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Hødd får ein knalltøff start på sesongen med bortekamp mot Fredrikstad i serieopninga. Medan mange er usikre på kor gode Hødd eigentleg er, har Fredrikstad fått eit favorittstempel i avdelinga.