Sunndal–Hødd:

Opnar borte mot Sunndal

Hødd sin retur til 2.-divisjon opnar med bortekamp mot Sunndal. Det kan vere ein tidleg nøkkelkamp for Hødd.

Seriestart: Hødd-damene trente torsdag på gamle Høddvoll for å førebu seg til bortekampen mot Sunndal.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Etter å ha vunne heile 9–2 i ein solid generalprøve mot Stryn sist helg er Hødd klare for å ta fatt på sesongen i 2.-divisjon laurdag. Då går turen til Sunndal til ein kamp mot eitt av dei andre laga som er tippa på nedre halvdel i avdelinga.