Fredrikstad – Hødd 1-1:

Sellin kunne senka gamleklubben – men Phudithip sikra poenget

Bam Phudithip sette inn 1-1 og sørga med det for utlikning mot Fredrikstad. Det enda med uavgjort og poengdeling.  Foto: Geir A. Carlsson

Sport

Det blei eit spesielt oppgjer for fleire av spelarane – på begge lag. Fredrikstad-supporter Bendik Rise fekk endeleg spele mot dei raude og kvite. Marius Hagen, som blei kåra til årets beste spelar i Hødd førre sesong, starta for Fredrikstad. Det gjorde også Kjell Rune Sellin, som var i Hødd ut sesongen 2012, og som blei cupmeister med dei blåkvite.